Nynorske vitser – Stor samling av vitser skrevet på målformen Nynorsk

Ser du etter morsomme nynorske vitser? Da har du kommet til riktig sted.

På denne siden presenterer vi en rekke morsomme vitser som er skrevet på målforen nynorsk. Vitsene passer godt til barn.

Nynorske vitser

Vesle Ida til mor si: Mor, eg vil ikkje ha fiskestykke med finnar på.
Mor: Vil du har svenskar på, då?

Nordmannen hadde høyrt at svenskane var så dumme, så han ville prøve ut. Han spurte ein svenske:
– Veit du kva kona mi svara då eg fridde til henne?
– Nei, sa svensken.
– Feil, ropa nordmannen, – ja, så klart!

Læraren til Olai: Olai, kva veit du om Daudehavet? Olai: Eg visste ikkje at det var sjukt ein gong!

Eit svensk danseband øvde i eit lokale. Så kom manageren deira og sa:
– Du verda kor fint det lét utanfrå!
Då gjekk heile bandet ut for å høyre.

Svensken, dansken og nordmannen skulle sjå kven som kunne tisse lengst.
Svensken tissa 1 meter, og dansken dobla det til 2 meter.
Nordmannen tissa så langt at dagen etter sto det: “Gult regn i Kina!”

Så var det den svenske foto grafen som tråla nabolaget etter utgåtte lyspærer. Han skulle lage mørkerom.

Læraren: Kvifor er du så sein, Max?
Max: Eg slo hammaren rett på tommeltotten.
Læraren: Men har ikkje bandasje?
Max: Det var ikke min tommeltott.

Vet du kvifor svenskane går med bind for auga?
– Nei?
– For å spare på lyset.

Kvifor går alle svenskar på do med open dør?
– Fordi ingen skal sjå gjennom nøkkelhullet!

Har du høyrt om svensken som putta hunden sin i omnen fordi han ville ha hot-dog??!

Per: Søster mi går i første klasse, men ho kan stave namnet sitt like godt både baklengs og framlengs.
Pål: Det var svært. Kva heiter ho?
Per: Anna.

Kva er yndlingsfilmen til kannibalbarna? Rasmus på Loffen.

Veit du kvifor svenskane har runde hus?
– Nei.
– Dei vil ikkje at hundane skal tisse på hushjørna.

Far: Kvar har du lært i dag?
Jonas: Eg har lært å skrive! Sjå på alt dette eg har skrive.
Far: Det var flott. Men kva står det der?
Jonas: Veit ikkje. Eg har ikkje lært å lese endå.

No for tida er det uråd å leve av lønna si.
Prøv utan du!

Har du høyrt om den svenske pastaelskaren som åt tannpasta?

Veit du korleis du kan underhalde ein svenske eit heilt døgn?
– Snu vekebladet!

– Kvar blei du påkjørt?
– Rett framfor bilen.

Friaren: Eg er komen for å be om handa til dotter di!
Faren: Det går eg ikkje med på. Anten får ta heile jenta, eller så får det væra.

Kristoffer kom heim etter første skuledagen.
Far: Lærte du mykje?
Kristoffer: Nei, eg må tilbake igjen i morgon.

Læraren: Vis ein person blei fødd i 1947, kor gammal ville den personen vere no?
William: Eh… mann eller dame?

Nye svenske oppfinningar:
Vasstett tepose og lommelykt med solcellebatteri.

– Veit du kvifor svenskane tek med seg stigar inn i butikkane?
– Nei?
– Fordi prisane er så høge!

Eleven: – Kan du få straff for noko du ikkje har gjort?
Læraren: – Sjølvsagt ikkje.
Eleven: – Bra, for eg har ikkje gjort heimeleksene mine.

Ein skuleklasse skulle ha den første svømmetimen. Då Håkon skulle uti, byrja han å gråte:
– Eg vil ikkje uti! Badebuksa mi er ikkje vasstett!

Det var ein gong ein kulturskuleelev som skulle opptre, men så vakna han ikkje før fire…

Eleven: – Far min seier at vi stammar frå apene.
Læraren: – Dine private familieforhold interesserer oss ikkje.

– Naboen vår gir kona si eit kyss kvar morgon før han går på jobb.
– Kvifor kan ikkje du også gjere det?
– Men kjære Monica, eg kjenner henne ikkje!

Ei mor spurde sonen sin:
– Kva sa du då du trakka på foten til mannen?
– Eg sa unnskyld.
– Kva gjorde mannen då?
– Han gav meg 50 øre fordi eg var så høfleg.
– Kva gjorde du då?
– Eg tråkka han på den andre foten.

– Eg har sagt deg tusen milliardar gonger at du ikkje må overdrive sånn!

– Endeleg har vi råd til å kjøpe dvd-spelar! sier storebror nøgd.
– Nei, det har vi då ikkje, seier far.
– Jo, eg selde tv-en.

Ein kunstmålar sat på ei høgd og såg utover landskapet.
Då kom ein bonde gåande saman med hesten sin.
– For ein nydeleg hest, sa målaren. – den vil eg gjerne måle.
– Ikkje tale om, sa bonden, hesten er brun, og det skal han vere.

Kva kallar du ein elefant utan øyre?
Du kan kalle han kva som helst. Han høyrer deg likevel ikkje.

Jørund kom heim etter andre skoledagen.
Far: Kva har du lært i dag?
Jørund: Eg har lært å skrive. Sjå på alt eg har skrive.
Far: Det var flott. Men kva står det der?
Jørund: Veit ikkje, eg har ikkje lært å lesa ennå.

Likte du disse vitsene? Da må du gjerne dele dem på sosiale medier!

Dersom du vet om flere morsomme pappavitser, må du gjerne sende de inn til oss ved å bruke kommentarfeltet nedenfor. 🙂

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *